Senker drømmer på vår jord



Ein regnvåt 17. mai. 2 sjokoladar, 1 stk kake, 1 stk crackle, 0 is og 0 pølser med brød.
Gratulerer med dagen!



Ein regnvåt 17. mai. 2 sjokoladar, 1 stk kake, 1 stk crackle, 0 is og 0 pølser med brød.
Gratulerer med dagen!

På laurdag slutta eg som elev på Hurdal Verk folkehøgskule, og det var kanskje den tristaste dagen eg har vore med på i heile mitt liv. Dette året har faktisk vore det beste i livet, og dei gode minnene er så utruleg mange! Kjem aldri til å gløyme 11/12-kullet. Dokke er dei aller finaste. ♥
18. mars reiste ein fin gjeng frå folkehøgskulen på ein ellevedagars studietur til Kina!






Kina viste oss ein ny kultur med spennande mat - der ris omtrent er obligatorisk i alle måltid, eit litt vanskeleg språk (mildt sagt), hjelpsame kinesarar, falskproduserte varer og masse å sjå. 





At eg reiste med gips, krykker og rullestol, gjorde ingenting - det var ein heilt fantastisk tur!
Å heisann, dét var ei stund sidan, ja. Årsak nummer éin til langt fråvêr: eg har brote ankelen! Det skjedde ein vinterdag på Hurdal Verk for fire veker sidan, då isen var litt for glatt og eg sprang litt for fort. Men det går fint, altså, eg trong ikkje ein gong operasjon (som ofte trengst ved ankelbrot). Og eg har til og med vore i Kina med krykker og rullestol! (Men det er ei anna historie.)

Den første veka hadde eg normal, ganske kjedeleg, kvit gips som hadde omtrent berre éin fordel; at ein kunne skrive på den. Men så ville legen skifte den ut (fordi eg sa at eg skulle til Kina og sånn), og plutseleg sat eg der med flunkande ny, lilla gips på foten.

Finfint.
Ei slags lita (litt stor) oppsummering av kva eg har fylt dagane med sidan sist:
ha foto som valfag, og ta masse bilder


blåtur med musikk! Vi enda opp på Gjøvik for å sjå Løvenes Konge i 3D på kino (i anledning Disney-elevkveld), med pizzaeting etterpå, og elg-safari på veg heim (det var seriøse greier, ja)
bollefest i gongen på D (internatavdelinga)
kle seg ut som turist på elevkvelden til Adventure
vere sjuk innimellom øvingane til konsertar. eg sov masse og drakk te til eg blei frisk igjen
feiring av tjueårsdagen til Camilla (nabo og "liksom-roomie") med skikkelig piratbursdag


reise til Rønningen fhs med Martine i frihelga i slutten av januar
masse bandøving i mini-studioet vårt på Verket
halde skulekonsertar på dei to barneskulane i Hurdal
ha musikkelevkveld for resten av skulen, med Disney-tema ♥ åh, det var. så. fantastisk.
sjå på all snøen gjennom vinduet
reise til Oslo og Nrk med musikk, få omvisning og vere publikum på PopStokk
vere løypevakt under VM i Spark Utfor
reise på utdanningsmesse i Oslo
(akkurat no er eg på vinterferie heime med familien. eg søkjer på skule og jobb, og tenkjer og tenkjer på kva eg skal bli her i livet.)

bror og meg på julaftan. .
Sidan sist har eg vore på kaffibesøk hos bestemor, sett film og litt sånn, strikka litt, ete pinnekjøt og julegodt og heimelaga pizza, og så har eg vore på jobb. Jobba til og med døgnvakt heile nyttårsaftan og må innrømme at eg følte meg ganske flink akkurat då. Ja, og no pakkar eg til Hurdal igjen! Reiser tilbake i morgon ♥


Over eit døgn utan straum, mobildekning og telefonforbinding. Og seljetreet i hagen vår har dessverre sett sine siste dagar. Sånn kan det gå!



Sjølv om det ikkje blei kvit jul her heime, og stormen og uvêret herja utanfor stoveveggane, vart julaftan ein veldig fin dag. Eg spelte piano til storesyster som song "Mitt hjerte alltid vanker" i kyrkja, og oppdaga at eg nesten synst det er kjekkare å gje vekk gåver enn å få sjølv. Elles var årets julaftan omtrent slik som ei fin julaftan brukar å vere heime i det gule huset i Berle. ♥